
ØVINGSLOFTET - NB: VI TESTAR - OPNAR SNART
På loftet på Gamlebanken har vi tilgjengeleg eit flott øvingslokale. Lokalet er godt utstyrt med det meste som trengst for å øve. Lokalet er godt lyddempa, og har ei lun og fin atmosfære. Her er det rom for å verkeleg kose seg med musikk!
For all øving er det krav om at alle deltakarane på øvingane har medlemsskap i Øvingsloftet, men vi har ope for gjestar etter nærmare avtale. Dersom ein eller fleire er gjestar på ei øving, så gi info om dette under bookinga.
Du kan melde deg inn ved å fylle ut skjema:
Vi har tre typar medlemsskap:
RED HOT
For born og unge under 25 år
Dette kostar 200 kr/halvår per person, og gjev fri bruk av øvingslokalet, men tid må reserverast
PURPLE
For alle - Typisk støttemedlemar som ikkje øver så ofte
Dette kostar 200kr/halvår per person, og gjev tilgong til å reservere øvingstid
Kvar øving kostar 200 kr, uavhengig av talet på personar; altså ikkje per person.
DEEP PURPLE
For alle
Dette kostar 500kr/halvår, og gjev fri bruk av øvingslokalet, men tid må reserverast.
Øvingstid bestiller ein gjennom bookingsystemet vårt: